Oppstartsmøte Hemsedal MDG

Velkomen til Hemsedal MDG sitt fyrste møte!
Alle er velkomne på oppstartsmøte - enten om du er medlem, sympatisør eller berre nysgjerrig. Du forpliktar deg ikkje til å bli med i lokallaget, men får sjølvsagt tilbodet - me vil gjerne ha eit stort lag med folk som vil endre både Hemsedal og verden.

Kva skal skje med naturen vår?
Reiselivet vårt og landbruket?
Kva gjer lokalsamfunnet godt å leve i?

Møtet startar 17.30, og har éin digital del med introduksjon til MDGs politikk og lokallagsarbeid, og éin fysisk del med diskusjon og visjonar for lokalpolitikken og organisering av Hemsedal MDG. Møteleiar er Margit Fausko.

Kom gjerne 17.00 for sosial mingling (på trygg avstand), me serverer kaffi og noko godt å bite i.

Delta på nett?
Kven som helst kan delta på nett på fyrste del av møtet – til dømes MDG-sympatisørar frå andre plassar i Hallingdal eller fylket forøvrig. Hemsedøler som vil engasjere seg i lokallaget, men av ulike grunnar ikkje ynskjer å kome fysisk, kan også delta på nett under del to av møtet. Nettdeltaking skjer på Zoom, klikk her for å delta.

Heile arrangementet gjennomførast i tråd med korona-retningslinjer for smittevern. Låven er romleg, og handsprit vil stå framme både ved døra og på borda. Vis omsyn – bli heime og delta på nett om du har forkjølelsessymptom.

Kontakt 908 27 754 om du har spørsmål.
Velkomen igjen – me gler oss!